Naustvoll gard

Open møteplass

Open Møteplass er avslutta. 

Det var eit 3-årig prosjekt (2023-2025).
Det var eit samarbeid mellom Naustvoll Gard,Inn på tunet Norge SA, Sogndal kommune og BUF-dir. Finansiert av BUF-dir.


Dette ventar deg

Praktisk informasjon


Besøk og mat er gratis. Vi lagar mat ilag. Deltakarar med matallergi o.l, kan ha med eigen mat, eller lage den sjølv slik som dei andre. (Hugs å gje oss beskjed, så vi kan ha klart det vi treng). Foreldre er velkomne til å vere med.


Vi har terrassar med og utan dyr.

I første etasje er det garderobe, bad og eit arbeidsrom med kraftfor, hesteutstyr, matrialar og sløydbenk. Her er det lov å gå med sko og arbeidskle.


I andre etasje er det peisestove, gang, toalett og kjøken. Andre etasjen er ein rein etasje, slik at alle som har jobba eller vore i fjøsen/med dyra må ta av arbeidskle/sko nede. Kjøkenet er bygd for at fleire kan vere med på matlaginga samtidig, og så serverar og et vi i peisestova eller ute.


Slik kjem du deg til garden


Opningstider er tilpassa BUSSAR

Det går buss frå Sogndal, som kjem til Kvamsøy litt over kl.16 og det går buss frå garden ca. kl. 18 og 21. Ta kontakt om det er vanskeleg med transport.