Livdi er skule-, omsorgs- og arbeidstilbod på Naustvoll Gard.
Garden er merkegodkjent - Inn på tunet.


Her kan du vere deg sjølv saman med dyra.


Vi tilpassar aktivitetar som du tykkjer er meiningsfulle.

No har vi bygd flott kjøken der vi kan lage oss god mat i lag.

DYRESTELL - GARDSARBEID/VEDLIKEHALD - VED - DYRKING/HAGE - BYGGING - 

BRUK AV HEST - MATLAGING - FYSISK AKTIVITET ...

Vi brukar garden sine ressursar og kompetansen vår, til å gje opphald til deg som ønskjer noko anna enn vanleg skule, arbeidsliv eller noko å gå til.


Treng du skule etter eigen plan, praktisk læring utifrå læringsmål?


Har du tunge dagar, møtt "veggen" og treng ein pustepause i ly frå samfunnet, eller lite å gjere på og ønskjer å halde deg i aktivitet?


Vi har gode dyr i trygge omgjevnader, samt kunnskap og erfaring i samhandling mellom dyr og menneske.


På garden er det oppdrett av Schäferhund - brukslinjer (Citagarden), og om du er glad i hundar, får du bli kjent med nokre av dei.

Har du spørsmål? 

Lurer du på om dette kan vere noko for deg eller nokon i din familie? 
Ta kontakt, eg kan rettleie deg vidare.