Naustvoll Gard - Livdi

Eit samarbeid mellom

Naustvoll Gard,

Inn på tunet Norge SA,

Sogndal kommune og

BUF-dir.


Finansiert av BUF-dir.

Open møteplass 2024. 


Gratis fritidstilbod onsdagar kl. 16-21 i skuleåret (sjå oppsett over datoar)

for deg som er 10-19 år, og bur i Sogndal kommune.


(Fint med ein sms/pm for matplanlegging)

I 2024 vert open møteplass på desse onsdagane:


Januar: 3. 10. 17. 24. 31.

Februar: 7. 14. 28.  (21.februar stengt - vinterferie)

Mars: 6. 13. 20.   (27.mars stengt - påskeferie)

April: 10. 17. 24. (3.april - stengt)

Mai: 8. 15. 22. 29. (1.mai stengt)

Juni: 5. 12. (19.juni stengt - sommarferie)


August:  oppstart 21. eller 28.  litt usikkert enno.

September:4. 11. 18. 25.

Oktober: 2. 16. 23. 30. (9.okt stengt - haustferie)

November: 6. 13. 20. 27.

Desember: 4. 11. 18. (25.des. stengt - juleferie)


Besøk og mat er gratis. Vi startar å lage mat ilag, ute eller inne, ca. kl 18.30. Deltakarar med matallergi o.l, kan ha med eigen mat, eller lage den sjølv slik som dei andre. (Hugs å gje meg beskjed, så eg kan ha klart det vi treng). 

Foreldre er velkomne til å vere med, om de ønskjer.

 

Slik kjem du deg til garden:

Det går buss frå Sogndal, som kjem til Kvamsøy litt over kl. 16 og kl.18 og det går buss frå garden ca. kl 18 og kl.21. Ta kontakt om det er vanskeleg med transport.

 

Adresse: Kvamsøy 47, 6899 Balestrand

OM GARDEN VÅR OG OSS SOM BUR HER MED DYRA:

 

Garden ligg i Kvamsøy, 13 km frå Balestrand mot Høyanger. Her er hest, sau, alpakka, esel, kanin, høns, ku, marsvin og hund. Det varierer litt. 

Vi som bur her er Anne-Brit og Arne.  Anne-Brit har vore lærar lenge, men jobbar no berre på garden, og har i lang tid hatt skule og arbeidstilbod på garden.  Og no dette fritidstilbodet. 

Arne har arbeid utanfor garden, men hjelper mykje til med store byggearbeid, og alt traktorarbeidet.  Han høgg i skogen, lagar byggematrialar på sagbruket som vi har bygd med på garden.

 

 

HER PÅ GARDEN KAN DU:

 

  • kose med smådyr, bli kjend med hest og andre dyr.
  • vere med på foring og stell av dyra.
  • vere med på å bygge, det er alltid nye idear. Vi kan lage plantekassar, så, dyrke og hauste – og lage mat. Eller bygge hus o.l til dyra.
  • bli kjend med, og kanskje gå tur med, alpakka "Vennen", "Kompisen" eller ein hund.
  • øve deg på saging (sage ved som vi treng i peisestova) og bli god til farmen-konkurranse som vi skal ha seinare  .
  • vere med på spel t.d hesteskokasting, kubb, eller innespel som kurrong, brettspel ..
  • spele musikk og «henge» ved låven. Eg har høgtalar, viss du har speleliste.
  • lage mat, dekke på – kanskje ulike tema?
  • eller kome og berre vere her, utan å gjere noko.    

 

Den varme årstida er vi mykje ute.  Om vinteren kan vi vere inne på låven med snekkerarbeid eller teikning, og i fjøset saman med hestar, alpakka og kaniner.  Eller i peisestova og spele musikk og/eller prate.

  

 

VÅRE LOKALER:

Vi har terrassar med og utan dyr. 

I første etasje er det garderobe, bad og eit arbeidsrom med kraftfor, hesteutstyr, matrialar og sløydbenk.  Her er det lov å gå med sko og arbeidskle.

I andre etasje er det peisestove, gang, toalett og kjøken.  Andre etasjen er ein rein etasje, slik at alle som har jobba eller vore i fjøsen/med dyra må ta av arbeidskle/sko nede.  Kjøkenet er bygd for at fleire kan vere med på matlaginga samtidig, og så serverar og et vi i peisestova eller ute.

 

Det er supert om de deler informasjonen vidare til dei mellom 10 og 19 år :-)